Birkebeinar- og longsyklarlauget

Expedition Norge på tvers

Fastlandet var ikkje kryssa før vi stod i saltvatn, først då kunne vi sei at ”Expedition Norge på tvers” var fullført!

Sommarferien nærma seg, og skyttaren hadde kunngjort tidleg at noko landsskyttarstemne vart det ikkje med han i år (Bodø). Dette tolka eg slik at han no var open for andre forslag. Sekretæren er ein ivrig lesar av bøker og blad om fjellturar og lange ekspedisjonar. Har nok ein draum i meg om ein lengre tur. I sommar dukka det opp eit blad saman med Fjell og vidde, Fjellturer i Midt-Norge, der i blant ein tur som heitte “Norge på tvers”. Har du ein ekspedisjonsdraum, da er denne turen noko å starte med, stod det med store bokstaver! Bladet vart lagt fram for skyttaren og han vart og litt fenga. Turen var opplagt å gå frå Stjørdal til svenskegrensa ved Sylsjøen på 7 dager. Vi planla å bruke 5 dager, og i tillegg gå i motsett retning. For å få registrert turen måtte vi kjøpe ekspedisjonspass hos Trondheim turistforening, og så registrere kodeord ved start og mål og på alle hyttene. Desse skulle sendast til Trondheim turistforening etterpå, og vi ville bli registrert på lista Norge på tvers, samt få t-skjorte og drikkekopp! Og får folk betale nokre hundre kroner, og blir lokka med t-skjorte i premie, blir vi visst med på kva som helst.

Kort om turen:

Dag 1 (måndag) buss Stjørdal – Stugudal/Tydal kommune, deretter gåing Sylsjøen (Sverige) – Nedalshytta 23 km. Ved Sylsjøen fann vi første kodeordet, og sjølve turen vestover starta. Først 5 km til Nedalshytta, med dusj og 3 rettars middag, og kodeord nr 2. Sylane er eit flott område med mange høge fjelltoppar som Storsylen og Storsola, og det kribla i føtene til sekretæren etter å bestige desse. Heldigvis var det tåke på toppane neste dag, og dermed ikkje så fristande! Men Sylane er vel verdt eit besøk igjen.

Dag 2 Nedalshytta (ca 750 moh) – Storerikvollen 22 km. Var oppe i ca 1000moh denne dagen, det høgste på turen. Lett terreng, men mykje mygg. Heldigvis blåste det ein del, og det holdt myggen vekke. På Storerikvollen venta og dusj og 3 rettars middag. Her snakka vi med ein kar som gjekk ”Norge på langs”, og hadde sett av 4mnd til det. Han var pratesjuk og saltsjuk, måtte innom og kjøpe seg chips og pils, men han og hunden skulle gå lenger før dei slo opp teltet. Dette var siste betjente hytta på turen, så heretter vart det å lage maten sjølv!

Dag 3 dobbeletappe Storerikvollen – Ramsjøhytta – Schulzhytta 34 km. Starta i bra tempo på grusveg, men etter 1 km trudde skyttaren at turen var over, for brått stupte sekretæren framover og slo ansiktet i grusen, forsterka av sekken. Kutt i leppa, skrubbsår og blåmerke både på hake og kjake. Det første eg gjorde var å sjekke at tennene var heile og deretter at ikkje noko var brote. Tennene var viktigast, og det var like før eg ringde Rolf for hjelp. Det verste blodet vart vaska vekk med drikkevatnet og antiseptiske servietter. Deretter var det berre å fortsette i høgt tempo. Grunnen til fallet? Løkka på skoreima hekta seg inn på ei hekte på den andre skoen! Eg knyter ikkje løkker lenger! På Schultzhytta var vi faktisk 3 stk av totalt 15 fra Sykkylven som overnatta!

Dag 4 Schulzhytta – Prestøyhytta – Kvitfjellhytta 28 km. Vi møtte ein del folk i same ærend som oss, i motsett retning austover, og dei fleste lurte på kva eg hadde gjort meg i ansiktet.

Dag 5 Kvitfjellhytta – Stjørdal 31 km. Vi var komne ned i furuskogen og blautt myrterreng, som var tungt å gå i. Heldigvis ikkje fleire uhell på turen. Stien enda i nærleiken av Hegra festning, og her var det asfalt og på med joggeskoa, ein herleg følelse! No var det 1 mil på asfalt og kanskje den hardaste etappa, stivna veldig i føtene. Siste kodeord fann vi i vindauget til Tronheim turistforening sin butikk i Stjørdal.

Interesserte finn meir info på www.norgepaatvers.no

2. september 2011 - Posta av | Reiseskildring

10 kommentarar »

  1. Flott reportasje! Dette er ein tur eg lenge har hatt lyst å gå, og det freistar ikkje mindre etter å ha lest innlegget ditt. Det var nokre dryge dagsetappar de la bak dykk. Over tre mil på det meste. Tippar motbakkeløpa var god trening fram mot turen.

    Comment av poboyum | 3. september 2011

  2. Gler meg!

    Hello,

    your registration for 45th Jizerska 50 has been processed.

    Stein Idar Dyngen (J50)
    Starting number: 237
    Starting wave: 1

    Comment av teknekten | 5. september 2011

  3. Registrerer at motbakkeløp er farlegare enn tidlegare antatt jmfr VG.

    Comment av teknekten | 6. september 2011

  4. Takker for fin turskildring! Eg er samd med Fotografen; dette er eit svært freistande prosjekt å gje seg i kast med. For vår del har me, etter å ha lese denne turskildringa og sjekka ut nettsidene du lenkja opp, prata om å ta turen i lag med alaskamalamuten vår, Birka. Enno er ho berre ti månader, men neste sommar er ho vonleg klar for lengre turar. Den som lever får sjå, men Noreg på tvers er jo trass alt både ein interessant og fin tur – og sjølvsagt morosamt å ha på CV-en! Til alle slukarar av bøker og blad som handlar om store og små turar og ekspedisjonar, kan eg jo i farten reklamere for fjellitteraturfestivalen på Finse. Les meir her! Der var eg i fjor, og det var kort og godt utruleg kjekke dagar.

    Livet byr iblant på kontrastar. Treningsturen sist onsdag var av det praktfulle slaget. Heimefrå til Stokksete, via Skahaug og Raumålsgrinda. Signering på Stokksete i strålande klarvêr, utan så mykje som eit drag i lufta, sitjande i mjuk og angande lyng. Seinsommarsola hang over Stølsheimen og vossafjella i horisonten, og alle sansar var fullskjerpa. Skjerpa for å ta inn mest muleg av Vestlandsnaturen sitt unike mangfald. Skjerpa fordi det er slike treningsturar ein gler seg til – og som ein lever på til langt utpå vinteren. Vidare frå Stokksete til Øvstestølen, før rundløypa Hamrestølsrunden nett skulle sveipast før returen frå Kleppa og heim. For å gjere ein lang historie kort: Eg glei på ei rot ute ved Eggja. Slo meg både gul og blå på ein aude sti, og takkar Teknekten for kjapp responstid og telefonering til heimen. Greidde etter kvart å karre meg innover att til skihytta på Kleppa, medan eg gav meg sjølv massive dosar skjenn. Skyssen stod klar då eg endeleg kom fram. Varm dusj, kveldsmat og ising av venstreleggen venta heime.

    Måndagens maratonøkt i Lærdal vart av det lærerike slaget. Røntgen og konsultasjon med kunnskapsrik turnuslækjar på ortopedisk. For den innvia er det m.a. fibula som har fått seg ein såkalla brest her i garden no. Fibula er det tunne beinet som ikkje ber særleg mykje vekt, men som via vev og musklar og ein bindevevsmembran er kopla saman med tibia – det store skinnebeinet (leggbeinet). Øvste enden av fibula er kulen på utsida av kneet (like nedanfor kneleddspalten). Nedste enden av fibula er knoken på utsida av ankelleddet (laterale malleol). Inne i leggen er det elles tre små kammer, og særleg eine kammeret har hatt ein del indre blødningar etter trøkken. Betennelsesdempande, smertestillande og 1-2 veker med ro er det som gjeld no. Så då vert det slik. Treningstips til ein som knapt kan trø på venstrefoten?

    Comment av langrennaren | 7. september 2011

  5. Au, det gjer nesten fysisk vondt å lese om uhellet ditt. Sjølv dundra eg i bakken for halvanna veke sidan. Det rauk eit ribbein, som pussig nok ikkje gjorde særleg ut av seg før etter to-tre dagar. Det spolerte dessutan for deltaking i Hamrestølsrunden. Glad det ikkje var fibula som brast.

    Ironisk nok har eg opplev fleire gonger at det må mindre sjukdomsavbrot og småskadar til for at det skal gå opp for meg kva privilegium det er å trene, bruke kroppen, få høg puls. Særleg no når det går mot mørke kveldar med regn og ei dørstokkmil som berre vert større og større. Eg tippar du vil opparbeide deg eit treningsug som gjer at du slår nådelaust attende i Giroen og andre tevlingar.

    Kva er Jizerska 50? Eit langrennsløp på 5 mil er nærliggjande å tru. Men kva med å kutte ut sykling og skigåing eitt år teknekt, og heller satse alt på løping? Hugs kvar du kjem frå – byen som har fostra Susanne Wigene og Karl Johan Rasmussen.

    Comment av poboyum | 7. september 2011

  6. Skadesituasjonen i lauget er ikkje bra. Ønskjer difor alle skadeutsette snarleg betring.

    Jizerska 50 går for å vere det best arrangerte skirennet i Fis Marathon Cup. Etter deltaking i Vasaloppet i fjor er det naturleg å fortsetje frå toppen av lista.

    Elles kjem eg nok til å fortsetje å trene variert for å unngå for mykje einsidig belastning. Trur faktisk at eg heller kjem til å fordele øktene jamnare mellom dei ulike greiene enn å satse utelukkande på springing. Det inneber at det anten vert sprunge meir og sykla mindre i åra framover eller at det vert gjeve rom for symjetrening. Det er så mykje som freistar der ute. Nemner berre kort Axtri, worldloppet, skogsmaraton og Salzkammergut Trophy. :)

    Comment av teknekten | 8. september 2011

  7. Har tatt det roleg den siste veka. Måndag kulminerte ni dagar med birkerittmage. Torsdag vart beina småvonde utover dagen. Synest det var merkeleg kjøleg på kjøkenet under matlaginga. Men etter tre treningsfrie dagar var det berre ein ting som galdt. Pressa inn ei økt på rulleski før legging. Var umiskjenneleg kald etterpå. 38.9 og egenmelding dagen etter! Treningsfri i går for å unngå etterverknadar før Birken.

    50 min roleg i dag med 4×80 meter stigningsløp. Godt å kjenne at kroppen fungerer att. Med tre fire rolege økter denne veka er eg klar for omlagd løype laurdag og Øyris første merke!

    Comment av teknekten | 12. september 2011

  8. For 10 dagar tenkte eg at merket i morgon skulle hentast. Har jo sprunge meir i år enn i fjor og rittet stadfesta at det er trent sykkelsmart i år. Ikkje sikkert det er trent like klokt med tanke på springing, men fjellturane tyder på at O2-opptaket i alle fall er noko betre enn i fjor. No er eg i tvil om det i det heile er lurt å stille til start. Pip og hostar opp mykje slim kvar morgon. For kroppen tolde ikkje treninga sundag og sende meg til sengs igjen. Er uviss på om kroppen har henta seg tilstrekkeleg inn att, men reiser til Lillehammer i ettermiddag for å gjere eit ærleg forsøk. Fartstrening var planlagt til dei siste vekene. Det vart det lite av, men kor mykje er det mogleg å tape seg på noke dagar med feber?

    Comment av teknekten | 16. september 2011

  9. No er datoen for Axtri og Birken neste år satt. Registrerer at det kun er ei veke mellom dei to(henholdsvis 18.aug og 25.aug). Var motivert, men byrjar å telje på knappane, 1 veke imellom er for lite. Kanskje det kan gå, om grunnlaget er godt nok?

    Axtri hadde vore moro, ei ny utfordring, fullt overkommeleg og set nye krav til treninga. Det er lokalt og går i storslegen natur. Har ogso fått svømt litt i det siste, det er kun springinga eg kvir meg til.

    Sjølv om merket ikkje lenger er eit mål på Birkebeinerrittet, er det fortsatt muleg å gjera det betre. Med teknekten på start er det alltid ein risiko for å bli slått og eg bør klare endå betre tid. Om eg ogso neste år ogso får trent jamnt og godt, vil både O2 og terskeleffekt verte betre. Reknar ogso med at eg kjem til å starte i pulje som gjer 03:10 til eit overkommeleg mål.

    Det er 9 dagar til påmelding til Axtri og den kjem til å verte utselt.

    linkar:
    http://www.birkebeiner.no/Pamelding-2011/
    http://axtri.no/Home.html

    Comment av Mikke mus | 21. september 2011

  10. Axtri står definitivt på “skalgjereføregdørlista”. Kan jo ikkje ha eit av verdas flottaste triathlon utanfor stovedøra utan å vere med ein gong. Når det attpåtil er eit av dei aller mest krevjande halve IM er det bortimot den ultimate utfordringa.

    Om kroppen er skadefri er det mogleg å gjere det ok både der og på rittet. Men tvilar på at eit år med Axtri er året for å setje den ultimate birkebeinarpersen. Men den får me uansett ikkje satt utan at veret er bra. Trur elles at eit år med Axtri vert eit år utan den store Birkensatsinga.

    For eigen del er eg mest klar for eit LaugetTriTeam i 2013. Trur rett og slett det passar best i høve til nedprioritert vedlikehald av hus og hage og andre konkurranselyster. Det gir dessutan betre tid til å tileigna seg “effektiv” framdrift i det våte element. I tillegg til at framdriftta er skral er vassinntaket enno for stort ved innpust til at det kan verte 1900 meter med begeistring. Men det jobbast med saka; to ungar er også denne vinteren på symjeopplæring og faren nyttar høvet til effektivisering av teknikken. Men det er jo ikkje alltid ein vel å lytte til hovudet. Eit LaugetTriTeam 2012 er vanskeleg å seie nei til. Me får nytte den siste veka før påmeldinga opnar til å avklare kva tid me skal gå for AXTRI. :D

    Comment av teknekten | 21. september 2011


Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.