Birkebeinar- og longsyklarlauget

Øyri og Blinkskotet opna kontoen

Gratulerer til Øyri og Blinkskotet med dykkar første merke og til Merkesetjaren med gullmerket. Rådmannen henta som vanleg sine merke og er no oppe i 49 totalt, 14 strake på løp, 13 strake på sykkel, 12 på ski og det tiande i trippelen. Imponerande!

Ytterlegare to merke til kunne og burde vore tatt med heim til Sogn. Men når hovudet kopla ut ved firekilometersmerket vart det med forsøket. Eller rettare sagt eit manglande forsøk. Kjem attende til det.

På start dukka lustraplayboyane Øvrebø og Røhme opp. Etter å ha ønskt kvarandre lukke til følgde me kvarandre som skuggar fram mot første drikkestasjon. Kjende det var anstrengande å ha fokus på kor dei var i staden for å finne eige tempo. Med 16 kilometer att vart tempoet justert ned eit lite hakk og playboyane fekk reise i frå. Ved passering Spiten viste tavla eit minutt foran merkekravet. Vidare gjekk årets løypa gjennom eit rikeleg vått stiparti før ørkeslause grusvegar venta med blytunge sko. Fekk heldigvis eit kort glimt av Mesna. Konkurrentane drog jamnt i frå. Det var smått med positive signal. Fram mot siste drikkestasjon passerte konkurrentane i høgare tempo enn tidlegare i løpet. Venta difor på det endelege slaget i trynet i form av ei tavle som stadfesta at merket var langt unna ved siste drikkestasjon. Men tavla var der ikkje. Ein kilometer seinare kjende eg smerter i venstre kne. Kopla straks ut all kritisk sans. Med mange unnabakkar til mål og merke utanfor rekkevidde vart dagens dummaste beslutning fatta. Gjekk roleg ned alle bakkane og jogga minst like roleg på flatane ned til mål ved Stampesletta. Sjokket var ufatteleg stort når det viste seg at merkekravet var 1.54. Hadde eg forsøkt hadde merka vore mine. Men eg prøvde ikkje. Det var ufatteleg. Det var ikkje naudsynt med noko sluttspurt som i fjor. Faktisk hadde det normale vore godt nok. I staden gjekk eg å tenkte negative tankar. Som at slik går det når ein ikkje tek tak i skaden som har plaga meg sidan tidleg i vår. Skuffande!

Men no må det gjerast grep. Likar ikkje tanken på at Storen skal ligge der utan at eg får nyte opplevinga av å kome meg der som følgje av frykta for ein smertefull nedtur. Eller at eg ikkje skal tore å prøve meg på nokon av dei konkurransane eg har lyst på som følgje av smerte eg veit kjem. Idrettssenteret får ein ny kunde før månaden er over!

18. september 2011 - Posta av | Konkurranse, Springing

2 kommentarar »

  1. Jeg må bare legge inn et godt ord om kiropraktorene i Songdal. De er flinke! De fikk orden på kneet og nakken på en uke, og hælene som har vært vonde i flere år ble mye bedre! Verdt et forsøk kanskje?

    Comment av Minni Mus | 21. september 2011

  2. I dag går eg trappene utan smerter. Håpar å vere i trening att ein av dei første dagane. Kiropraktor skal vurderast.

    Comment av teknekten | 21. september 2011


Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.