Dei tre drøymefjella
På bloggen sin fortel Langrennaren at friluftsmagasinet UTE i juni/juli-utgåva presenterer dei 3 drøymefjella, Romsdalshorn, Stetind og Store Skagastølstind. Langrennaren har sjølv nådd toppen på det siste, noko han skriv levande om.
Men det er fleire spreke og dristige systrendingar. Laurdag 2. juli i sommar gjekk Blinkskotet heile Skagastølstraversen, med Storen som ein av toppane. Og laurdag 3. september var ho til topps på Stetind, Norges nasjonalfjell. Altså to av dei nemnde drøymefjella i friluftsmagasinet.
Ein skremd far, med høgdeskrekk, blir forsøkt roa ned med at det er ulike ruter, med ulik vanskegrad. Som om det er noko trøyst, høgt er det uansett når ein først er kommen til topps. Eg meiner heilt klart at fjell skal gåast, ikkje klatrast!
Wikipedia:

Stetinden (1392 moh.), òg kalla Stetind og Stádda (samisk), ligg i Tysfjord kommune i Nordland fylke. Ein kan sjå den mektige «ambolten» frå minst sju prestegjeld, og fjellet har frå gammalt av vore eit karakteristisk seglingsmerke for sjøfarande langs Nordlandskysten. Fjellet vart hausten 2002 kåra til Noreg sitt nasjonalfjell.
Det vart gjort fleire forsøk på å klatre til topps av Stetind på siste halvdel av 1800-talet. Sommaren 1888 prøvde tyske Paul Grussfeldt og norske Martin Ekroll seg utan å lukkast. Året etter, i 1889, gjorde dansken Carl Hall og den norske fjellføraren Mathias Soggemoen eit nytt forsøk. Heller ikkje dei lukkas, men Carl Hall bygde ein varde på fortoppen som ligg om lag 500 m søraust for Stetind. Denne toppen, Halls fortopp (1314 moh.), vart kalla opp etter ham. Etter århundreskiftet prøvde William Slingsby seg, òg han utan å lukkas. Stetind vart første gang klatra 30. juli 1910 av Ferdinand Schjelderup, Carl Wilhelm Rubenson og Alf Bonnevie Bryn. Den første vinterklatringa vart gjort av Arne Næss, Ralph Høibakk og K. Friis Baasted i 1963 opp austveggen. Arne Næss og fire andre vart i 1966 dei første til å klatre til toppen via vestveggen.





Stetinden er eit fantastisk flott fjell. Men aldri om eg hadde vågd meg opp.
I Chamonix tok eg gondolbane til Aiguille du Midi:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Aiguille_du_Midi
Det var meir enn skummelt nok.