Birkebeinar- og longsyklarlauget

Ein, to, tri

This slideshow requires JavaScript.


Jamn og god deltaking i GdS gjer oss godt og har ført til at me er klar med terminlista for tredje gong. Me ønskjer å ha nokre faste postar som går att kvart år for å kunne samanlikne tider og tidsdifferansar frå år til år. Samstundes tykkjer me det er morosamt å prøva oss på nye strekningar. Vidare ønskjer me å halde fram med ulike typar konkurransar. Fram mot dei siste øvingane ønskjer me dessutan at flest mogleg skal ha sjangs til å stikke av med samanlagtpremiane.

Me har valgt Bjørgahaug opp, Flya Inn og Lagsmeisterskapet som søylene i Giroen som ikkje skal ut av programmet.

Opningsrenn
Skiskyting utan skot, eller skotfritt som me kallar rennet i fri teknikk, kjem attende som opningsrenn etter eit kvileår. Lagsmeisterskapen vert siste test før Birken.

Vår med ein ny vri
Etter at Bjørgahaug Opp har opna vårsesongen er det klart for bukkestilling i Tempo Fortissimo, (Andante for femtiåringar) og samling på Café Herman etterpå. Rittet er flytt fram i tid for å bidra til at farten er på plass til ny lagsiger i Jølster rundt. Startordninga her er omvendt jaktstart med eitminuttsintervall. Det er einaste konkurranse utan fellesstart. Spurtkanonene og taktikkarane får sjansen i Dalavatnet Grand Prix. Før snøen går i Kvannaskar kjem årets nyskiping, GdS-extreme triatlon. Extreme fordi me må presse opp maksimal kapasitet mykje lengre enn i dei andre øvingane. Triatlon er dessutan uprøvd for samtlege i lauget(?) og difor heilt ope. Asfaltpiggen avsluttar vårsesongen i ei ny løype. Rulleskirennet har hatt to år med låg deltaking og får difor ny trase og tid på året. For det er ikkje aktuelt å kutte det ut i eit år med oppkøyring til Marcialonga(!).

Haust med spaning?
Flya Inn er som Lagsmeisterskapen siste test før Birken og arena for mange gode duellar der fleire ønskjer revansj etter sure tap i 2011. Størst deltaking i år var det på nyskipinga Stokkseteræset slik at den vert vidareført til neste år på bekostning av Hamrestølsrunden. Her var det dessutan fleire duellar på oppløpet slik at den passar fint inn i haustprogrammet. Også Flya Inn har anlegg for bra duellar og vert avslutninga neste år.

Konkurransar som ikkje nådde opp
Hamrestølsrunden er nemnt og kjem tilbake i 2013. Eiki – Kleppa er ein klassikar som fortener ein plass i giroen. 9 rundar på bane er ein annan målbar konkurranse. Sykling inn Huksdalen eller Grindsdalen er tilsvarande. Meir aktuelt er det med bakketempo i Henjavegen eller til Eggja. På ski er det aktuelt å gå friteknikk i ei av nabobygdane om det passar med terminlista til skikrinsen. Bjørgahaug opp frå Sanden er også aktuell. Sognefjordrennet skil seg frå dei andre konkurransane og kan kanskje bidra til jamnare konkurranse.

11. november 2011 Posta av | Giro di Sogn, Langrenn, Motbakkeløp, Springing, Sykkel, Trening | Éin kommentar

   

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.