CCC
Kraftig forseinka, og kanskje mest som sjelebot og mimrestund for ein innbitt snøhatar no når den vonde årstida er i ferd med å drepe livslyst og treningsmotivasjon: rapport frå CCC (Courmayeur-Champex-Chamonix).
Arrangøren, The North Face Ultra-Trail du Mont-Blanc, serverer kvart år ei rekkje delikate rettar for ultraløparar som er glade i fjell og storslått natur. Indrefileten er UTMB, hovudløpet på ca 160 km og opp mot 10 000 meter med klatring. Det har etterkvart vorte eit prestisjefylt løp, mest å rekne som eit slags VM i ultraterreng. I tillegg finst det eit mellomlangt løp, kalla TDS. Sjølv var eg ikkje kvalifisert for UTMB, og måtte ta til takke med veslesystra CCC. Med i underkant av 100 km og 5500 høgdemeter er ikkje nett CCC ein rusletur i parken heller.
Dei tre løpa trekkjer kvart år ein hærskare av mosjonistar og eliteutøvarar frå heile verda. Til dømes var det 1800 påmelde til CCC.
Starten gjekk i Courmayeur, ein liten by øvst i Aosta-dalen i den italienske delen av alpane. Rett før startskotet small, fekk me beskjed om at ruta var blitt endra grunna uvèr. Det innebar at løpet vart litt kortare (ca 92 km og 5100 meter klatring).
På førehand hadde eg meisla ut ein enkel strategie om å halde meg langt framme i feltet i starten, for slik å unngå den saktegåande køen opp mot Refuge Bertone, ca 2000 moh. Villmennene aller lengst framme var det sjølvsagt ikkje tale om å halde fylgje med. Dei 800 høgdemetrane opp til Refuge Bertone var seige, men så byrja eventyret. Neste del av løpet, ned mot Arnuva, gjekk på fin sti. Eit veldig utsyn med stolte og høgreiste alpefjell inspirerte til topp innsats.
Etter Arnuva gjekk det bratt opp mot den høgste toppen på turen, Grand Col Ferret (2500 moh). Igjen var det slit, sveitte og tårer, etterfulgt av ei ny storslått nedstiging, denne gongen mot Champex-Lac i Sveits. Me sprang forbi små landsbyar, og overalt vart me overøst med oppmuntringar. “Allez, allez” kom det frå store og små – heile vegen. Spesielt rørande var det å stoppe ved ei jente som hadde rigga til eit lite bord med vatn, saft og masse inspirasjon. Mest gudesendt skulle det vise seg, for akkurat på det tidspunktet var eg i trøbbel med væskebalansen.
Champex-Lac var ca halvvegs i løpet, og så langt gjekk det greit. Men etter å ha passert Martigny kom smellen. I ein lang, men ikkje altfor bratt bakke, stoppa det mest opp. Kvalmen kom veltande, og beina sa klart ifrå om at no var det slutt på moroa. Det var aldri tale om å gje seg, men herifrå og inn mot mål var det eit slit eg knapt kan hugse å ha opplevd før. Eg veksla mellom å gå og småtrippe. Ned mot sjekkpunktet i Vallorcine kom likevel motivasjonen litt attende, for no visste eg at det nærma seg mål. Men etter omlegginga av løypetrasêen var eg usikker på kor mange høgdemeter som gjenstod. Etter den opphavlege ruta skulle me over eit nytt fjell, 2100 moh. Det viste seg at dette var eit av fjella arrangøren hadde kutta ut, og det var like greit. For etter Vallorcine kom regnet og mørket. Med doggete briller, og blenda av ein bilist, presterte eg å ramle utfor ei bru, ca 15 km før mål. Heldigvis landa eg i ein kulp, og slapp såleis frå det utan skadar.
Siste delen inn mot Chamonix gjekk med dårleg sikt på ein steinete sti. Beina kjendest litt betre, men etter bukkene Bruse stuntet, eit småfall og fleire nesten-overtråkk tok eg det roleg. Fleire løparar suste forbi i mørkret, utan at kampinstiktet mitt vart kveikt. No handla det berre om å krype til Chamonix, i ein bit og utan skadar. Eg kom til mål etter 12 og ein halv time, heil men ikkje sæl. Siste halvdel av løpet er kanskje det svakaste eg har gjort nokon gong. I målområdet var det sjølvsagt: aldri meir!
Dagen etter bestemte eg meg for å delta på UTMB i 2012. Viss eg er så heldig å få plass.
Om eigen prestasjon stod til under godkjent, så var turen totalt sett ei frydefull reise. Chamonix er ein av dei flottaste byane eg har vore i. Stiane og naturen som kringset den er som skapt for uteaktivitetar. Visst er plassen ei turistmaskin, men likevel har det ikkje tippa over i ei vulgær pengedyrking. Og i motsetnad til småstadar i Noreg, der “byens beste burger”, baconpølser og andre kulinariske og helsefremjande matrettar ruvar på menykartet, finn ein i Chaminox eit svært torg med lokale matprodusentar, slakteforretningar og ostebutikkar med eit utval som gjer ein mest svimmel.
Sjølve løpa vert skipa til under etiske retningsliner som kan oppfattast som ei overflatisk og lettkjøpt fasade for eit gjennomkommerst arrangement. Men det er meir i det enn fjas og tomme ord. Til dømes vert respekt for naturen håndheva på ein myndig måte. Det vert vist nulltoleranse mot forsøpling. Det er ikkje ein gong lov å leggje att bæsjen ute i det fri. Eigne posar for avføring kom som del av utstyrspakka me fekk utdelt før løpet. I Noreg legg turgåarar att ein svinesti av søppel og skrot over alt.
Løpet på Garmin Connect. Forerunner 110 tok kvelden etter sju timar, så fila er henta frå ein handholdt GPS. Han har nok vore litt for generøs med både kilometer og høgdemeter.
Ingen kommentarar enno.








