Tung start i Tsjekkia
Endeleg nytt år og nye muligheiter. Ventetida går mot slutten. Yr melder fantastiske to-tre blå før avreise. Vel å stresse ned konkurransestyret ved å legge rubbskia heime og redusere smørekofferten til tre tørrvoksar. Vert litt uroleg når Sandra fortel at ho testa tre par rubbski før avreise.
På Bedřichov skistadion er det nysnø og nullføre laurdag formiddag. Sjølvsagt ikkje noko feste med 45 nede på stadion der ungane kosar seg med skirenn og vi gærne sklir att og fram. Låner voks hjå Rådmannen og justerer først med 50 og deretter 55. Går første stigninga til topps utan at skia får spikerfeste. Er likevel nøgd. Har fått blåst ut rusk i maskineriet. Veit frå før at grunnlaget ikkje er som ønska etter ein haust langt under pari.
Nede i Liberec er det tid for lunsj, voks- og lueshopping. Rådmannen masar om svarteboka, angiveleg etter påtrykk frå Presidenten. Teknekten står i mot. Teknektens svoger antydar at det kan vere ei passande bursdagsgåve, men boka får ligge i fred.
Natt til sundag regnar det i Liberec. Det snør heldigvis i Jizerských horách. Når bussen køyrer inn på parkeringa ved start syner eit termometer fem raude og eit anna null. Legg difor på 60 med gårsdagens feste i minne. Oppe ved ein kilometer står Tor Håkon Holte og advarer sterkt mot 60. Den tåler ikkje tørrsnøen som ligg i høgda. Han foreslår å dekke med 55 eller 50. Fast har same temperaturområdet, men den er det ingen som har. Dekker først med 55, men den iser før tokilometermerket.
Frå start er det berre å henge i stroppa og slite seg fram på glatta. Håper på feste når det stig skikkeleg på etter fem kilometer. Vekslar på å gå mellom spora og i sporet opp til platået. Litt for glatt i sporet og tendens til ising utanfor gjer det vanskeleg. Frå platået ved Rozmezí er det slutt på spor. Tar oss fram med ein skolengde mellom skia, men slit med at stavane går gjennom på sidene. Diagonal teknikk fungerer berre i laussnøen mellom hovudtråkka. Nyttar ikkje å vabbe frå side til side for å få tyngdeoverføring. Kvar passering kostar krefter. Registrer at han foran alltid brukar litt kortare tid i laussnøen. Etter to mil farer ei gruppe frå. Tenkjer det er berre ei mil att før tyngste stigninga er unnagjort og hiv innpå litt ekstra energi. Klarer å ta mot varm, udrikkeleg te ved bekken Jizerka før eg får orientert meg og får tak i sportsdrikke. Slit meg fram i motvind nå. Kikkar etter Rådmannen når løypene møtest etter 25 kilometer. Nei, han er nok i hælane på meg no. Tenkjer på at forholda ikkje er noko betre for han framom heller. Og tenkjer på gamla dagar då løparane kanskje forelska seg i Hennumpikene når dei stoppa opp for ein kopp buljong inni Nordmarka. Det er jo treningstur. Burde tatt oss tid til slikt og ikkje trippa opp bakken ved Smědava der Aukland malte Svärd i stykker i fjor. Fort går det ikkje, men får oppmuntrande tilrop frå ein norsk servicemann. Passerer toppen og sklir ned mot Na Kneipě der dei sist startande tuslar oppover. Fire kilometer med unnakøyring gjer godt. Finn nye krefter og for første gong på ein time tek eg att mange løparar.Vert framleis gått frå i småkneikene, men kompenserer med betre glid og tek att løparar som gjekk frå ein time tidlegare. Tanken om at det berre er ein treningstur er mest gløymt. Startar spurten med ei mil att frå Hřebínek sjølv om beina er fulle av syra og armane verker. Når me omsider kjem inn i spor er det mest slutt på viljen til å slåss. Rundar svingen inn i ein siste stakebakke som eg allereie har gått to gonger. Hovudet koplar ut ti sekund og bakskia blikket var festa på er brått 50 meter foran. Skitt! Tek meg saman og kjem inn på stadion saman med to andre i kvart vårt spor. Publikum heiar entusiastisk i det vi gir jernet. Klarer likevel ikkje meir enn så vidt å snike meg inn som nr to, fem meter bak førstemann.
Er godt nøgd med å ha fått ein lang treningstur og at avstanden fram til eliten ikkje vart større. ;) Løypeprofilen var like fin som venta. Første mila minnar om HK sjølv om den ikkje på langt nær er like tung. Siste femten er lette, men er slakare og har nokre fleire kneiker enn Birken. Det største minuset utanom igjensnødde spor var at Rådmannen og svogeren fekk bokført 45 minutt meir trening sundag. Men 75 km på to dagar er ikkje kvardagskost så treningsturen var på ingen måte bortkasta. Når me i tillegg fekk med oss mykje tsjekkisk mat, to timar vandring i Praha der vi passerte borgen med presidentpalassat og St.Vaclavs katedral, Karlsbroen og det astronomiske urverket saman med andre skiglade svenskar og nordmenn er det ikkje vanskeleg å tilrå turen.




