Birkebeinar- og longsyklarlauget

Tung start i Tsjekkia

Endeleg nytt år og nye muligheiter. Ventetida går mot slutten. Yr melder fantastiske to-tre blå før avreise. Vel å stresse ned konkurransestyret ved å legge rubbskia heime og redusere smørekofferten til tre tørrvoksar. Vert litt uroleg når Sandra fortel at ho testa tre par rubbski før avreise.

På Bedřichov skistadion er det nysnø og nullføre laurdag formiddag. Sjølvsagt ikkje noko feste med 45 nede på stadion der ungane kosar seg med skirenn og vi gærne sklir att og fram. Låner voks hjå Rådmannen og justerer først med 50 og deretter 55. Går første stigninga til topps utan at skia får spikerfeste. Er likevel nøgd. Har fått blåst ut rusk i maskineriet. Veit frå før at grunnlaget ikkje er som ønska etter ein haust langt under pari.

Nede i Liberec er det tid for lunsj, voks- og lueshopping. Rådmannen masar om svarteboka, angiveleg etter påtrykk frå Presidenten. Teknekten står i mot. Teknektens svoger antydar at det kan vere ei passande bursdagsgåve, men boka får ligge i fred.

Natt til sundag regnar det i Liberec. Det snør heldigvis i Jizerských horách. Når bussen køyrer inn på parkeringa ved start syner eit termometer fem raude og eit anna null. Legg difor på 60 med gårsdagens feste i minne. Oppe ved ein kilometer står Tor Håkon Holte og advarer sterkt mot 60. Den tåler ikkje tørrsnøen som ligg i høgda. Han foreslår å dekke med 55 eller 50. Fast har same temperaturområdet, men den er det ingen som har. Dekker først med 55, men den iser før tokilometermerket.

Frå start er det berre å henge i stroppa og slite seg fram på glatta. Håper på feste når det stig skikkeleg på etter fem kilometer. Vekslar på å gå mellom spora og i sporet opp til platået. Litt for glatt i sporet og tendens til ising utanfor gjer det vanskeleg. Frå platået ved Rozmezí er det slutt på spor. Tar oss fram med ein skolengde mellom skia, men slit med at stavane går gjennom på sidene. Diagonal teknikk fungerer berre i laussnøen mellom hovudtråkka. Nyttar ikkje å vabbe frå side til side for å få tyngdeoverføring. Kvar passering kostar krefter. Registrer at han foran alltid brukar litt kortare tid i laussnøen. Etter to mil farer ei gruppe frå. Tenkjer det er berre ei mil att før tyngste stigninga er unnagjort og hiv innpå litt ekstra energi. Klarer å ta mot varm, udrikkeleg te ved bekken Jizerka før eg får orientert meg og får tak i sportsdrikke. Slit meg fram i motvind nå. Kikkar etter Rådmannen når løypene møtest etter 25 kilometer. Nei, han er nok i hælane på meg no. Tenkjer på at forholda ikkje er noko betre for han framom heller. Og tenkjer på gamla dagar då løparane kanskje forelska seg i Hennumpikene når dei stoppa opp for ein kopp buljong inni Nordmarka. Det er jo treningstur. Burde tatt oss tid til slikt og ikkje trippa opp bakken ved Smědava der Aukland malte Svärd i stykker i fjor. Fort går det ikkje, men får oppmuntrande tilrop frå ein norsk servicemann. Passerer toppen og sklir ned mot Na Kneipě der dei sist startande tuslar oppover. Fire kilometer med unnakøyring gjer godt. Finn nye krefter og for første gong på ein time tek eg att mange løparar.Vert framleis gått frå i småkneikene, men kompenserer med betre glid og tek att løparar som gjekk frå ein time tidlegare. Tanken om at det berre er ein treningstur er mest gløymt. Startar spurten med ei mil att frå Hřebínek sjølv om beina er fulle av syra og armane verker. Når me omsider kjem inn i spor er det mest slutt på viljen til å slåss. Rundar svingen inn i ein siste stakebakke som eg allereie har gått to gonger. Hovudet koplar ut ti sekund og bakskia blikket var festa på er brått 50 meter foran. Skitt! Tek meg saman og kjem inn på stadion saman med to andre i kvart vårt spor. Publikum heiar entusiastisk i det vi gir jernet. Klarer likevel ikkje meir enn så vidt å snike meg inn som nr to, fem meter bak førstemann.

Er godt nøgd med å ha fått ein lang treningstur og at avstanden fram til eliten ikkje vart større. ;) Løypeprofilen var like fin som venta. Første mila minnar om HK sjølv om den ikkje på langt nær er like tung. Siste femten er lette, men er slakare og har nokre fleire kneiker enn Birken. Det største minuset utanom igjensnødde spor var at Rådmannen og svogeren fekk bokført 45 minutt meir trening sundag. Men 75 km på to dagar er ikkje kvardagskost så treningsturen var på ingen måte bortkasta. Når me i tillegg fekk med oss mykje tsjekkisk mat, to timar vandring i Praha der vi passerte borgen med presidentpalassat og St.Vaclavs katedral, Karlsbroen og det astronomiske urverket saman med andre skiglade svenskar og nordmenn er det ikkje vanskeleg å tilrå turen.

10. januar 2012 - Posta av | Konkurranse, Langrenn

13 kommentarar »

  1. Som venta eit veldig bra resultat av Teknekten under krevjande tilhøve etter tallause stakeøkter på rulleski observert av underteikna frå mitt bilvindauge strekninga Hanehaug-Slindebirken-Helvetesfossen. Tur-retur, ja. Også honnør til hardtsatsande Rådmannen som tilliks med oss andre dødelege, heimeverande har vore mykje plaga med skader og sjukdom utover hausten og vinteren. Måtte vi bli friske og skadefrie så vi kan ta opp kampen med Teknekten i komande mannjamningar!

    Comment av Meklaren | 11. januar 2012

  2. @meklaren: Vart ikkje stort fleire rulleskiøkter i haust enn du har fingrar. Sprang på julafta og har vore ein gong innom Saften i haust. Grunnlaget er med andre ord skralt. Når eg har fire hjul under beina går eg meir diagonal enn dei fleste. Det hjelper på for å oppretthalde kondisen. Går dessutan ein del langturar og ikkje berre sprint på under to timar. Det kan ha medverka til den store tidsdifferansen. Avstanden til Rådmannen vart likevel mykje større enn venta etter sjukdomsperioda hans. Mest truleg fordi hans ski kladda.

    Ut frå XC Ranking sine utrekningar er det ei stund til Teknekten kan rekne med å passere deg på lista. Men skal gjere mitt beste for å kome ned på tresifra poengsum. Kjekkast er det om det er fleire som gjer sitt beste for å forsere på rankinga.

    XC Ranking er ein uoffisiell ranking av skiløparar basert på nasjonale skirenn og dei store internasjonale turskirenna. Modellen byggjer på FIS-metoden for utrekning av FIS-poeng. Rankingpoenga er difor også eigna til å samanlikna resultat i ulike skirenn. Rankinga vert i år mellom anna nytta til seeding i Holmenkollen Skimaraton og N3-rennet.

    Topp 10 pr. 12. januar 2012 for Systrond Birkebeinar- og Longsyklarlaug er:

      Plass Poeng
    Lynet 1028 467,22
    Langrennaren 3275 717,16
    Langpendlaren 6169 927,92
    Meklaren 7171 988,61
    O-løper’n 7228 991,77
    Merkesetjaren 7371 1000,18
    Teknekten 8358 1061,08
    Rådmannen 9606 1133,28
    Tamberen 10780 1198,59
    Myrkdalen 11953 1261,73

    Komplett oppdatert liste finn ein på XCRanking.

    Comment av teknekten | 12. januar 2012

  3. Formen synest nå å vera på oppadgåande etter ein haust med mindre trening enn ønskjeleg. Tsjekkiareisa kosta krefter, men har gitt eit voldsomt overskot. Avslutta forrige veka med to kveldar på tungt Kleppaføre, ei herleg økt blant uthaldande syklistar i Hodlekve og påfølgjande tur i vatnet laurdag før veka vart runda av med avslapping i bakkane og slit i løypene på Heggmyrane. No skrik lår og leggjer om kvile og det får dei fram til kvelden. Då skal gutane og faren opp i trikkeskinner på ferdigsmurte ski. Deretter vert det prepping av jenta sine ski før skidag i morgon. Og slik går no dagane. :D

    Comment av teknekten | 16. januar 2012

  4. Gutane droppa Kleppa i går. Vart smøreboden på faren i staden. Med rett par under beina skal det verte høg fart på roleg trening framover. ;)

    Birken har for øvrig ei anna vurdering av løpet i Tsjekkia enn underteikna. No må treningsmengdene opp og intervall gåast minst ein gong i veka. Satsar på å kome i posisjon til å jakte mannen som skal slåast i år. Utelukkar heller ikkje at det vert adm.seeding på HK for å få starte i “rett” pulje. :P

    Comment av teknekten | 17. januar 2012

  5. Jentungen er klar for å handle telemarkutstyr etter to dagar med låneutstyr på Heggmyrane. Trengst noko meir trening før teknikken er på plass. Den fell nok snart plass med den iveren ho syner om dagen. :D Håpar turlysta hennar også vaknar til live att og gjev ho lyst på første etappe i april.

    Vakna i natt med krampe i låret. :( Nærliggande å tru at det er trent for mykje eller for hardt, men det er tvilsomt. 10 timar fordelt på fire økter og ein dag i bakken forrige veka. Andre runden i 13,5km-løypa i går gjekk med racingpuls. Resten enda lengre unna sikringsboksnivå. Lyt nok leite etter ei anna forklaring. ;)

    Comment av teknekten | 23. januar 2012

  6. Var ein tur med feller under plankane i kveld. Registrerte at det framover vert lengre rundar og fleire kilometer pr økt enn før. Takk til Tannlegen som har rydda traseen og Kevin som har køyrt opp løypa i ettermiddag. :)

    Comment av teknekten | 27. januar 2012

  7. Ja, for oss som savner litt å gi mil etter mil uten å gå i de samme spora er det kjekt med litt lengre sløyfer. Min eminente Garmin 400 antyder at rundene nå er 8,1 – 8,2 km om en går ekstrasløyfa på myra (slik at en krysser sporet sitt en gang), 7,3 – 7,4 km uten denne sløyfa.

    Om de kjører om det nye utkikkspunktet fra sist helg får vi enda noen meter ekstra. Var litt trangt der, men når spora er satt på utsida slik som nå, går det sikkert greit?

    Comment av O-løper'n | 29. januar 2012

  8. Har planer om å rydde bedre i ekstrasløyfa (Henrik-sløyfa) med flott utsiktpunkt ned mot Hermansverk. Fleire vil stoppe her for å nyte utsikten. Skøyta i dag og då var det fin trening å gå ekstrasløyfa (Tvinnereim-runden) nede på myra. Ellers var det kjekt å få så mange positive tilbakemeldingar om at den nye traseen tilbake om Damefall (Kevin-road) fall i smak. Rydda der i haust. Meiner at løypa då blir 8,3 km (Garmin Forerunner 310 XT)

    Comment av Tannlegen | 29. januar 2012

  9. Så er dagens dugnad over. Henrik-sløyfa er rydda. No gjenstår ein del arbeid med tråkkemaskina. Håper å få det til i næraste framtid.

    Comment av Tannlegen | 30. januar 2012

  10. Høyrer rykte om at kjem til å bli gått styggfort på franske krinsrenn i Mars.

    Comment av teknekten | 30. januar 2012

  11. Registrerer at Langpendlaren er oppført i pulje 18 til neste helg. Feil ID ved påmeldinga? Pulje 3 på Langrennaren og Teknekten er rettare. I alle fall om me stiller oss i kvar vår ende av feltet. Tippar L slår T med 10-15 minutt om utgangen vert fornuftig. :)

    Comment av teknekten | 1. februar 2012

  12. Blytungt i dag. Først på ski og deretter i beina og til slutt i hovudet. Dette på tross av vinterens rolegaste økt. Får håpe eit par dagar kvile hjelper.

    Comment av teknekten | 5. februar 2012

  13. Krinsrennet i mars – jf innlegget datert 30.1. består av:
    Laurdag 10.3.: 30 km C.
    Sundag 11.3.: 73 km F.
    Nettsjekk: Savoyarde
    Takk til Langrennaren og Langpendlaren for god pes på Øvstestølen dei to siste helgene. Håpar dei gode forholda i Oslo og mellomeuropa held seg til våre løparar er ferdige med å prestera. Deretter er det berre å sjå fram mot birken (No må alle frå Syril registrera seg på SYRIL)!!! og Troll ski som i år som i fjor diverre kolliderer med Kjeringi. Til no svak påmelding frå oss på det ultimate turrennet: Grenaderen…
    Veldig kjekt å sjå alle som førebur seg til Inga-Låmi!

    Comment av Meklaren | 8. februar 2012


Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.