Birkebeinar- og longsyklarlauget

Grenaderen 2012 med vanskelege smøreforhold

Veldig vanskeleg med minus 3 på start, men 100% luftfuktigheit.

Eg gambla på Rode Weiss -1 – -3, men den heldt 100 m, så var det å gå på armane i 1.5 km på : utruleg nok: glinsande spor. I minus 3. I nysnø. Oppe på Kikut etter 17 km var det + 1 då vi kom. Tåke og yr og sønnavind!

Rutinert som eg er, forsto eg straks totalsmørebommen og stoppa ved om lag 1.5 km. La på VR 70.  Mjukaste eg hadde. Korka inn og herja på. Tidsbruk: 3-5 minutt? Gjekk ut derifrå som sistemann?

Opp mot Kikut hadde eg godt feste og gjekk sikkert forbi 100, av dei sto 50 og smurde om. Tok då att dei på mitt nivå og roa ned. Eg forsto at det ikkje blei pallen. Resten av dagen besto i å gå teknisk rett til mål.

Frå 1.5 til 5o km-skiltet før Kleivstua hadde eg ok ski. Kleivstua: La på klister frå Milslukern saman med Daniel som eg møtte på dei 5 første matstasjonane!  Dei anbefalte meir VR 65 eller 70, men men. Det klabba i alle fiskebeinsmotar og eg måtte skrapa skia på tvers som ein annan koffertløpar mange gonger i komande km. Siste 10 km var reint klister.

Eg gjekk på kaldski med LF 7. Ok gli til ca 70 km, frå då trått.

Eg veit sjølv eg gjekk eit godt, kontrollert renn. Skulle eg fått ei monaleg betre tid måtte eg hatt rubbeski, HF og cera + kutta bridge og salmekomposisjon. Ikkje aktuelt så langt!

Eg reiste tur/retur og gjekk med Daniel Kvåle. Kom likt inn på 65 km på Sollihøgda. Der kobla han inn noko eg ikkje har: 5. gir! Daniel gjekk eg bak i periodar. Han går teknisk godt.

Summa summarum: Kjekk, vellukka tur for begge oss. Sliten i beina enno, men ikkje i armane merkeleg nok.

Dei mest ivrige gjekk rennet. Dei som ser an ver og føreforhold visste det blei vanskeleg og gjorde andre ting. Difor berre 22 i klassen. Nr 7 av desse er akkurat mitt nivå og gjer meg nøgd.

20. februar 2012 - Posta av | Konkurranse, Langrenn

Éin kommentar »

  1. Bra levert.

    Rode sine smørningar var tidlegara berre påført temperaturskala for sørlegare breiddegrader. No er det to temperaturområde på voksane deira. Weiss er til dømes frå 3 blå og nedover mot tjue ved høg fuktigheit og fallande snø. Fekk topp ski med den på Grenaderen for to år sidan etter å ha smurt om ved Kleivstua.

    Trur zero hadde vore det beste alternativet laurdag. Men er ikkje overtydd om at zero ville vore det beste valet for alle.

    Comment av teknekten | 20. februar 2012


Legg att ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.