Mekkeskulen
Teknekten har som mål å verte sjølvhjelpen innan sykkelreperasjonar og – vedlikehald. Det er umogleg utan starthjelp frå Aasemor. Håpar Aasemor kan svare på spørsmål som kjem utan tanke på at det kan gå ut over inntektsgrunnlaget til Øyvind.





Styret svinga ikkje glatt etter Birken. Skrudde av i går og gjorde reint. Skrudde det på utan å ha på fett og som venta var det like tregt etterpå. Har sett på http://www.sykkelsiden.no for å finne ut kor eg skal legge på fett, men skildringa der stemmer ikkje med mitt halvintegrerte Ritchey-lager. Korleis gjer eg det?
Leverar til ein på Leite som har greie på slikt…:-)
Eg har ikkje smurt mange styrelager. Eg gjorde det på gromsykkelen min med lager av det eg kan oppfatte er av AHEAD-type. Dette er slik at eine lagerskåla er pressa inn i styrlager-røret frå kvar ende, og resten (lager og andre lagerskål), treast inn på gaffelakselen. Dette var iallefall kurrant å smørje ved å demontere, reinse, smørje og sette i hop att.
Integrert og semi-integrert type er eg usikker på korleis fungerer. Eg tok eit kjapt søk på nettet no utan å finne ut av det. Eg synest som gynekologar flest at det er kjekkast å opne og studere…
Kom gjerne oppom etter 21 i kveld. Sidan dette er eit kompetansegjevande prosjekt, fakturerast ikkje.
Rakk det ikkje i går, passar det i kveld?
Skrudde gaffelen av att, la på litt grease i overgangane og skrudde i hop att utan å stramme for hardt. Fungerer utmerka no.
Aasemor og Teknekten skal snart i gang med eit nytt kompetansegivande prosjekt. Skal berre tinge servicesett til dempegaffelen med først.
Å mekke feste på ski er “lett” om ein følgjer desse oppskriftene.