Saami ski race 2015 – to Syril-løparar ved ein av dei

Vi kom til flyplassen i Alta, direktefly frå Gardermoen, torsdag 9. april på ettermiddagen i fint ver og bestemte oss omgåande for å ta turen i leigebil over Sennalandet til Hammerfest. Vi hadde sightseeing og så fiskesuppe på restaurant i byen og såg over på Melkøya og studerte Hammerfest sitt innslag på World Heritage-lista: Struves Meridian.

Så Alta med ny sightseeing same kveld + neste morgon. I mellomtida hadde vi hatt ny flott middag på restaurant i Alta: Grilla tørrfisk som var nydeleg. Alta har museet med helleristingane på nemnde liste og dette blei grundig inspisert før me drog langs Altaelva til Kautokeino og inn på neste hotell der dei selde øl frå Mack og Ægir (!). Grundig sightseeing i Kautokeino med Juhls Sølvsmie, samisk høgskule etc. –  Alt av hoppbakkar, idrettshallar og fotballbanar blei sjekke på heile køyreruta – .

Laurdag morgon kl 5 etter eksellent hotellfrukost blei vi henta på døra og køyrde med Kautokeino Idrettslag sin lagsbuss tilpassa deira sedvanlege 50-mils turar på bortekampane til Hetta i Finland der Saami Race skulle gå. Pga mildver i tida før var løypa omlagd til 81 km. Skøyting. Strålande ver. Litt nysnø og minusgrader så vidt under 0 i heile rennet anna enn litt over 0 på slutten. Det var fellesstart i kultiverte former og vi gjekk t/r i same trase. Veldig flatt, berre få, lette bakkar i heile rennet. Mil etter mil i enkel- og dobbeldans. Dermed møtte vi dei som hadde runda halvvegs, ein for ein. Første mann i møte var Finnmark sin store son på langrennski: Petter Eliassen som vann både Birken og Vasaloppet. Då eg møtte han, hadde eg sjølv gått 33 km og han difor 48.

På returen var det noko motvind i ope landskap. Alt i alt flotte forhold og god plass. Gode matstasjonar i passeleg avstand.

Innkomst med dusjing, matservering og premieutdeling + retur med same buss fungerte optimalt.

Eliassen gjekk 24 km/t, eg 17 og Ingar noko betre enn det.

Rennet var ikkje tungt. Det er mykje tyngre å gå t.d. Grenaderen eller Troll Ski eller Birken.

Så var det å smaka meir på Mack, Ægir og andre godsaker.

Sundagen køyrde me attende til Alta etter ein tur innom Masi, Tverrelvdalen og elles i Alta og omegn inkl Gargia fjellstove og utsyn mot altaskiferen.

Mykje rein sør for Kautokeino. Ein stor, grå rev observert ved Masi. Elles mykje snøscooterspor og andre spor etter den kulturen inkl campingvogner med og utan spikertelt i leirar rundt om.

Retur til Gardermoen via Tromsø. Einaste vetle merknad var to timar forseinka avreise Oslo-Sogndal, men då fekk me tid til å lesa medkjøpte populærvitskaplege hefte om evakueringa frå Finnmark 1944/45, havforsking i Nordishavet og om kvensk påverknad på dialektar og morsmålsopplæring i Troms.

Medreisande var altså Ingar som delvis var på gamle trakter som O-løpar, instruktør og administrator. Den som reiser med Ingar treng ikkje kart. Han har det inni seg.

For meg var alt nytt. Ein utruleg kjekk og lærerik tur. Min første tur til Vestfinnmark i det heile. Eg reiser gjerne tilbake på same renn. I år kolliderte det med Troll ski, men det gjer det ikkje neste år.

Lekse for den som les denne artikkelen: Set deg inn i Struves Meridian. Nyttig for den som skal på quiz!

Advertisements

Grenaderen 2015

Dette var mitt 16. renn.

Talet på fiskebeinsmotar aukar år for år!

I år fullførte 437.

Det spesielle i år som eg ikkje var førebudd på var smurningsslitasje.

Dei første krappe unnakøyringane kjem etter om lag 25 km og i dei fleste unnabakkane var det ploga og skrensa ned på isen og dermed stor slitasje. I tillegg var det lite snø på bakken der det var tett skog. Eg merka tendensen til tap av feste om lag ved 25 km, men gjekk altfor lenge før eg la på meir VR 62 som var rette festesmurning for meg. Eg la på ved om lag 46, 55 og 72 km. Hadde eg visst kva som møtte meg, hadde eg vore mykje meir grundig med  solen før eg la på grunnlagsklisteret.

Eg ser på lista at eg leia klassen etter om lag 2 km, nr 3 etter 18 km og nr 5 frå og med 35 km.  Resultatet som nr 5 av 23 i klassen er veldig bra for meg. Anna positivt var at eg merka null til astmaen. Temperaturen under rennet var frå -2 til 0. Ingen uhell. At eg mista festet medførte at eg blei motivasjonslaus i periodar halvvegs, men fann att gløden siste 10-15 km og i mål var eg ikkje så sliten som eg plar vera i dette rennet.

6.52 er ikkje imponerande. Det var trått føre første 3-4 mil. I terreng med grovkorna snø, t.d. i grauten i fiskebeinsmotane hadde eg ikkje feste med VR 62, her måtte ein hatt klister, men det ville truleg ha isa i ope terreng med finkorna snø. Eg snakka med fleire, men ingen gjekk på klister.

Som tidlegare anbefalar eg rennet. Stemninga er roleg og god. Ein får gått sitt eige løp. Ein kan gå i mange minutt om gongen utan å sjå andre løparar.

Ser no fram mot Birken og Saami Race der Ingar og eg planlegg debut i dette eksotiske skøyterennet. Saami Race kolliderer med Troll Ski – veldig synd.

Dag 7-9 Obertilliach

image

Fredag var vi i Obertilliach for å førebu oss til laurdagens renn. Det var så som så med feste og temperaturen var fleire grader høgre enn varsla på Yr.no.
Vi såg lite til omgjevnadane, men for første gong på turen høyrde vi nokon snakke norsk. Ja, ikkje berre vart det snakka norsk, halve Sogn var visst nedi londi.

image

Til laurdagen meldte yr kraftig snøvær like under null grader og stigning til realt null føre under rennet. Men temperaturbommen fredag gjorde fleire skeptisk til å bruke tørrvoks. Teknekten la difor på baseklister og tok med rensevæske til start.
I Obertilliach var det våt nysnø og tett snøver som meldt. Vi oppfatta smøretipset til Swix som at alt frå Vr45 til Vr75 var aktuelt undervegs. Baseklisteret var mest fjerna når Tamberen meldte at Start Extra ikkje isa i nysnøen. Tabbe? Fekk i alle fall ikkje feste før det var påført Vr65.
Etter start tok det kort tid før det var klart at det vart knallhard treningsøkt mest utan feste. Leita etter noko å gle meg over, men det var ikkje lett. Snø vart til regn, varmt til kaldt og Tamberen passerte i verste bratta. Av ein merkeleg grunn klarte likevel ikkje Tamberen å halde følgje etter at han vart køyrt inn att før siste bakken før øvste vending. Gliden hans var utruleg nok enda verre enn Teknektens. Med to kilometer att til mål kom Pensjonistekspressen stakande forbi. Gjorde ikkje ein gong eit forsøk på å halde ryggen. Prøvde berre å halde takten i diagonalt medan næringstomheita vart verre og verre. På veg inn mot mål passerte først Motvekta og deretter Myrkdalen på veg nedover. Kjekt for søstra. Med hundre meter att dukka Tamberen opp i synsfeltet femti meter bak. Han skal ikkje vere nokon målestokk, men vart det denne tunge dagen. Ikkje bra. Resultatlista for lauget kjem snart på https://lauget.wordpress.com/rlister/wloppet, men Øyri vart i alle beste systrending og Inge Tistel raskeste sogning.

image

Påfølgjande mat, prat og drikke vart langt meir lysteleg.

Søndagen var heldigvis utan smøreutfordringar. Fekk utlevert eit par ferdig preppa skøyteski i bursdagsgave. Tok oppstilling i bakre led og gjorde meg klar til debut i feltmanøvrering på skøyteski. Kom godt framover før vending etter to km, men synest det gjekk frykteleg sakte oppover. Ut på andre sløyfa kjennest beina lette og skia var framleis raske. Torde likevel ikkje presse på oppover lettpartiet med løypeprofilen frå laurdagen friskt i minnet. Bakkane kom, beina og pusten vart tyngre utan at det passerte meir ein ein løpar. Frå toppen og ut på siste runden var føret ikkje like skarpt som før. Ikkje kroppen heller. 30 km hadde i grunn vore passe langt. Bestemte meg difor for å la konkurrentane gå frå når dei skrudde opp farten med to km att til mål. Berre dei siste hundre metrane passerte fem løparar. Kom likevel i mål etter å ha gjennomført skøytedebuten på i overkant av 19,2 km/t. Aabergen som stilte til start med friske bein kom i mål rundt kvarteret seinare. Ein bra dag.

image

Dag 5 Kastern i Ahrntal

image

I fjor vår når turen vart planlagt, var det opplagt at vi skulle tilbake til Seiser Alm to år etter Marcialongaturen. Vinteren her nede er imidlertid på langt nær like snørik som heima. Vi valgte difor vekk vel 300 høgdemeter vandring med ski på skuldra. I staden dro vi til Kastern innst i Ahrntal etter intens leit etter oppdatert prepareringsinfo på nett.

Ahrntal  ligg mellom Antholz og Zillertal og deler av dalen er ein artsrik nasjonalpark.

image

På veg inn til vending tre kilometer inn frå nasjonalparkens infosenter passerte vi fleire serveringsstadar før valet sto mellom drikke eller mat. Smart nok enda vi med pasta og Cola.

image
Austerrike like bak Zillertalalpane.

image

Vi gjekk Sonnenloipe som kunne gåast i  4, 6 eller 10 km lengde. Vi valgte full runde tre gonger fordelt på 10 km klassisk og 20 km skøyting. Det er vanskeleg å gå roleg på Kleppa. I denne høgda er det umogleg. Ekstra vanskeleg er det når løypene held Worldcup-standard.

image

Dag 5 Sellaronda medsols

image
Sellamassivet sett frå Vallon

Flotte forhold opp og ned rundt Sellamassivet har gitt nok ein dag full av begeistringens øyeblikk. Vi vakna rett nok til mørke skyer, men det tok ikkje lang tid før Langkofel nok ein gong viste seg i all sin prakt.

image

Ned frå Passo Gardena gjekk det raskt til Corvara. Ein avstikkar frå Boe tok oss opp til Vallon og turens høgste toppstasjon Vallon (2550 Moh). Nærleiken til massivet var enorm og utsynet like flott.

image

Når nedkøyringa til Passo Campolongo i tillegg var kjempeflott var det ingen klaging på å måtte køyre svart løype.

image

Køyringa frå Bec des Rose til Arabba var litt for lett på slutten sjølv for søstra.
Turen opp til Porta Vescovo (2478 moh) og utsynet på toppen var heller ikkje grunnlag for å klage.

image

God framdrift gjorde at vi tok ein avstikkar over Passo Vadon og Passo Fadei mot Marmolada. Steinete løyper og frykt for at vi ikkje ville rekke tilbake over Passo di Sella medverka til at vi returnerte tilbake over Vadon utan å ta gondolane opp mot Marmelada.
Etter Forcella Europa og lunsj på Posta Vescovo var det ei lang og fin utforkøyring til Pont de Vauz. Derfrå gjekk turen nok ein gong opp på forblåste Sas Bece.

image

Ned til Plan Frataces og opp over Passo di Sella gjekk som ein leik. Stengt løype ved Plan de Gralba førte oss over Piz Sella og Campinoi.

image

Snøver var nå i anmarsj, men det hindra ikkje oss å køyre Saslong på veg til Col Raiser og Seceda. Diverre var nedkøyringa til Ortisei stengt, men retur til Sankt Cristina var ikkje eit dårleg alternativ.

image

To dagar utan kondisjonstrening er no over. Kor ferda går i morgon er framleis uvisst, men det vert i alle fall sanking av fleire raude blodlegemer på smale ski.

Dag 4 Sellaronda motsols

image
Ved foten av sassolungo - Langkofel

Ikkje mykje å anna å sei om dagen i dag enn at høgdepunkta stod i kø. Bileta får difor tale for seg

image

image
Piz Seteur

image

image
Under Del Alpes -Rondell og over Passo di Sella.
image
Rifugeo Sassolungo Bece 2500 moh ved Passo Pordoi
image
2400 moh, framleis ved Passo Pordoi
image
Lunsj på Passo Campolongo, 2076 moh
image
Panorama på Passo Gardena - Grødnerjoch 2300 moh

Antholz dag 3

Dag 2 i Lermoos var enda meir nedsnødd og fuktig enn biletet under viser.
image
Det vart difor ei hard og kort økt på oss.
image
Med Tiroler Zugspitzbahn stengt gjekk ferda vidare til Antholz etter frokost. Vi var klar for ei langøkt, etter lunsj i solveggen midt i løypa.
image
Med ei veke igjen til Ole Einar Bjørndalen og co inntek dalen er det mykje arbeid som står att for arrangørane. Det aula difor med mannskap overalt.

image
Millimeterpresisjon for å få rett dosering krevde mange turar att og fram for løypemaskina.

For oss handla det mest om å terpe teknikk og sanke timar med roleg tempo i høgda.
image
No er kursen retta mot Santa Cristina i Val Gardena og nye utfordringar.
image