Nordmarkstraver’n

305, Teknekten og St. Patrick ein halv time før start. Foto: St. Patrick lightflight.wordpress.com.

30 km på sti, myr, sva og grusveger gjennom Nordmarka frå Stryken har vore ein draum dei to siste åra. Men det var først for ei vekes tid sidan at det opna seg ein muligheit for å vere med på årets Nordmarkstraver’n. Så då var det berre å melde seg på og byrje å gle seg til ein vri på årets tema; sti.

Tett morgontåke over myrar og vassdrag bar bod om eit fantastisk ver. Faktisk vart det på kanten til å vere for varmt, men etter årets vestlandssommar kan ein ikkje klage når sola viser seg og stiane til ein avveksling er tørre og fine.

Før start var det to spørsmål dei fleste stilte seg; kva slag sko skal ein velge og kva tid bør ein ta sikte på. Dei fleste valgte lette sko. Teknekten har siste månaden hatt føling med ein øm akilles og valgte difor mengdesko. Antar det gav nokre minutt i tillegg i høve til lettvektsterrengsko på sluttida, men beina slapp rimeleg greitt unna. Kor ein skal stille seg opp i feltet er mykje vanskelegare å avgjere når ein ikkje har sprunge så langt tidlegare og ikkje kjenner løypa. 50 % lengre løype enn Birken tilsa ei tid på over 2:15. Men kor mykje? Valgte å stille meg bak mot 2:30-skiltet då eg er ein slow-starter.

Løypeprofilen syner slak stigning på grus dei fem første kilometrane. Gjekk den første av dei før start og fann ut langstrakte profilar ikkje alltid stemmer. Fleire solide knekkarar venta.

St. Patrick, Teknekten og 305 aldeles upåverka etter løpet. Foto: St. Patrick lightflight.wordpress.com.

Utgangstempoet for gruppa eg stod i viste seg å vere mest heilt rett. Slapp meg litt bakover oppover og forserte nedover. Etter fem kilometer kjentes det som farten vart skrudd opp fram mot første drikkestasjon, men var ikkje klar for det. Inn i første stiparti gjekk det rolegare, men muligheiten til å passere i skogen er ikkje den største. Kom etterkvart i ei fin, lita gruppe og lot andre styre tempoet. Opp frå Gørja stiger det bra, men ikkje brutalt mykje. Vart sjølvsagt fråløpt av lettvekterar, men tok att det meste nedover på sørsida etter nokre nestenfall. Ut på grusen vert det tyngre og må slippe gruppa før stigninga opp til Kanthaugen. Inn frå Skjærsjøen er det ein del tunge knekkarar som eg minnest frå Halvtraver’n 2011. Vart like tungt og lite begeistring inn mot mål i dag også. Klarte likevel å mobilisere siste 100 metrane og karra meg inn under 2:29 i nettotid. I mål var stemninga mest like god som på Kjeringi Open. Teknekten nytta høvet til å konversere utsendte Lightflight eliteløparar og andre dehydrerte sprekingar.

Løpet går i eit mykje meir løpevenleg terreng enn det vi har rundt dørene på Systrond. Stikvaliteten er derimot ikkje betre enn vi har mange stader i bygda vår. Så om du vil prøve deg på eit langt og hardt løp med roleg, avslappande atmosfære så er det berre å legge seg i trening på våre mange flotte stiar. Tykkjer du 30 km er i lengste laget er Halvtraver’n eit godt alternativ som startar samstundes frå Skar i Maridalen.

3 tankar på “Nordmarkstraver’n”

  1. Fotografen var med i kampen om førsteplassen i gårsdagens 100 miles run på Mors og sprang på imponerande 15:03:30. Vi gratulerer med flott gjennført løp. 🙂

Legg att ein kommentar