Trollenykjen Opp 2010

Nok eit nytt motbakkeløp, denne gong på Nordfjordeid, som naturleg nok samla mest lokale løparar no i desse ferietider. Sidan eg var i Loen på ferie passa det fint å få med seg denne. Etter ein 5-dagars tur i Jotunheimen som vart avslutta dagen før var eg spent på korleis kroppen ville fungere. I løpet av veka hadde eg lagt bak meg ca. 100 km gange med ein del kilo på ryggen. Tempoet var roleg, så pulsen låg vel knapt nok i sone 1, men eit par-tre av dagane fekk eg lagt inn ein litt hardare “topptur” på ettermiddagen. Alt i alt ein flott tur kor naturopplevingane sjølvsagt var det viktigaste! Før laurdagens løp virka kroppen ganske pigg, men den har eg brent meg på før. Ca. 60 personar stod på startstreken i løpet som liknar Skåla opp sin løypeprofil, sjølv om den berre er halvparten så lang. Det gjekk tydleg fram på mange at dette var eit løp som skulle vere oppkøyring til anten Saudehornet og/eller nettopp Skåla. Dagane i Jotunheimen såg ut til å ha gjort underverk for kroppen, og eg syns det gjekk høveleg bra heile vegen oppover. Etter ein knallhard start klarte eg å halde posisjonen min ganske greitt i det flotte løpsvêret (overskya og fin temperatur). Det einaste minuset må vere litt vind og skodde på toppen, som øydela ein del av utsikta frå ein topp eg ikkje hadde vore på tidlegare. Tida i mål vart 43.25 min og er nok mitt beste løp så langt i år. Det er no berre to veker igjen til Skåla Opp, og i neste veke vil eg prøve å få ein treningstur til toppen mens eg er her i bygda.

http://idrett.speaker.no/organisation.asp?id=63929

Molden Opp 2010

Molden Opp vart i helga gjennomført med ca. 750 deltakarar, 118 i konkurranseklassane. Ca. 5 systrendingar registrert med tid, noko som burde vore høgare i eit slikt flott lokalt løp. Har sjølv aldri vore der tidlegare og hadde derfor inga tid å forhalde meg til. Tippa på førehand ei personleg tid på ca.70 min. Løpet er ganske likt Svinestrandløpet i både lengde og stigning. Som på Storehaugen var det perfekt løpevær, bortsett frå ein del vind på toppen. Før start sjekka eg ut første kilometeren av løypa og såg at denne var fullt springbar. Etter ein mislykka start på Storehaugen la eg meg denne gongen inn blant dei 20-30 første løparane og trøkka til frå start. Etter eit par kilometer vart det straks mykje brattare, det gjekk tungt oppover bakkane, eg fekk vondt i akillasane og mista litt trua på at dette skulle bli noko bra. Etter den lange bratte kneika flata det derimot ut litt og kroppen begynte å våkne. Andre del av løypa gjekk eigentleg ganske bra, og sjølv om det i periodar går tungt er det greitt at nye krefter dukkar opp. Sluttida vart 1.04.49. Ikkje noko toppløp, og det bør vere endå meir å gå på, men syns det var ei bra tid. Er iallfall meir fornøgd med dagens prestasjon i forhold til Storehaugen Opp. Molden Opp var uansett eit flott motbakkeløp, kanskje det finaste til no (bortsett frå Skåla!), og terrenget var flott å springe i. Berre synd det går same helga som Svinestrandløpet, eit løp som også er veldig bra…

http://www.moldenopp.no/