Skåla opp- og nedtur

Først må eg berre gratulere Haugtussen med eit kjempeløp opp Skåla. 1.35.53 er rett og slett imponerande! Snakkar om å overbevise på heimebane. For min del var målet å komme under 1.40 som var persen frå i fjor. Aldri har eg førebudd meg så bra, og aldri har eg opplevd verre nedtur i noko løp. Godt med kvile og karbo-kur (mykje pasta og ris) dagane før løpet. For øvig i sterk kontrast til førebuinga før Fannaråken opp, der eg lada opp med øl, smash og sørlandschips kvelden før (og persa med over 2 minutt). Fredag kveld dro eg på hytta i Jølster for å sove skikkeleg utan å bli forstyrra av ungeskrik om natta, og for å minske reisetida med ein time. Havregrøt om morgonen, passe med drikke. Kjente meg lett og fin under oppvarminga. Durte på med slayer på mp3 spelaren. Starten gjekk unna i eit heseblesande tempo. Såg på pulsklokka. Var tidlig oppe i 93-94% av makspuls. Veit med meg sjølv at eg ikkje bør ligge over 92. Men kva skal ein gjere. Kan ikke berre la folk ein normalt skal halde følgje med stikke tidleg i løpet heller. Ved mellomtid viste sanninga seg. Eg hadde eit lite håp om bra tid, sidan eg følte at eg hadde pressa meg så hardt. Men nei. Tida var godt over det den burde vere. Resten av turen til topps vart eit mareritt. Etter det brattaste partiet forbi siste drikkestasjonen fekk eg krampe på baksida av begge beina. Særleg leggane var ille. Måtte stoppe heilt opp. Gamle som unge passerte meg ein etter ein. Kaldt og surt vart det også. Ikkje mykje som minna om sommer. Dagen før hadde det komme eit godt lag med snø. Byrja å fryse. Når eg endeleg var i mål, 7 minutt bak pers, fraus eg og var så skuffa at eg faktisk angra på at eg ikkje braut lenger lenger nede. Litt trøst hadde eg i felles skjebne med fotografen som var tilsvarande skuffa over eigen prestasjon. Og for å si med min venn i skuffelsen: Hadde eg hatt hale, så hadde eg gått med den mellom beina heile vegen tilbake til bilen.

Vanlegvis tar det ikkje lang tid før eg er på offensiven igjen etter eit løp under pari. Men ikkje denne gongen. Dette var for avslørande. Fullstendig blottleggjing av manglande trening. Skåla er eit brutalt løp. Skiljer klinten frå kveita. Til hausten og vinteren bør eg leggje inn styrketrening og minimum ein langøkt i veka, og kanskje eg kjem sterkare tilbake neste år…om det blir noko Skåla på meg neste år. I eit par dagar no har eg tenkt: Aldri meir Skåla! Fjellet står for meg slik Mordor såg ut i auga til Frodo i ringenes herre. Opplading til neste løp blir i alle høve den uslåelege kombinasjonen av øl, smash og sørlandschips. Og kanskje Celine Dion funkar betre enn Slayer?

Vidasete opp

Det var mange Syril-deltakar som fann vegen over fjorden til Feios for å stille til start i Vidasete opp. Bokbindaren var fast bestemt på å gje Haugtussen hard konkurranse dei bratte 4,2 kilometrane oppover. Formen føltes bra. Eg hadde persa med eit halvminutt frå Sanden opp til Bjørgahaug tidlegare i veka (14.39).

Starten gjekk kl. 12.27. Varmen var steikande, og eg låg ikkje alt for mykje i oppvarminga. Haugtussen starta i eit forrykande tempo. Eg fann min eigen rytme, og tenkte at han kom til å svi for denne opninga. Eg hadde augekontakt heile vegen, og siste bratta før mål skulle eg ta han. Men det vart tungt. Fekk liksom aldri pressa på skikkeleg. Det som viste seg vart vinnaren av klasse 60-65 kom forbi meg. Eg klarte ikkje å henge på. Imponerande. Håper eg er like sprek når eg blir så vaksen. Haugtussen heldt stand. I mål var eg vel 30 sekunder bak, og til tross for ein sluttspurt hamna eg også eit par sekunder bak vinnaren av klasse 60-65. På toppen var det berre å svelge nederlaget og nyte det storslåtte utsynet mot systrond-bygda. Alt i alt var eg ok fornøyd med løpet. Med tredje plass i klassen min vart det til og med premie.  No er det berre å sjå fram mot neste løp. Det  blir mest sannsynleg Eggenipa opp 26.07.

Sjå forresten hyllesten til avdøde Jon Tvedt frå Eggenipa i fjor her

Storehesten opp

Etter ein familietur til Kypros med treningsturer i 35 grader, var eg godt førebudd på varmen opp Storehesten i helga. Ved start var det ca. 30 grader, og på toppen ca. 20. Var ganske spent før start. Tidlegare i år har eg vore med på Blåfelden opp og trappeløpet i Høyanger utan å få den gode kjensla. Det til tross for at eg har persa på alle dei faste treningstestane (Bjørgahaug, Kleppa og Skagasete).

Haugtussen, Fotografen, Bokbindaren, Sekretæren og Skyttaren på Storehesten 27. juni 2009Første fem km. gjekk unna på asfalt og grus. Prøvde å ikkje sprengåpne, slik eg har diverre har for vane. Har nettopp kjøpt meg pulsklokke, og sjekka jamleg at eg ikkje låg over 90%. Opp mot snaufjellet vart vi møtt av ein sval fjellbris. Herleg. Snøfonna opp siste bratte partiet var stor samanlikna med i fjor. Kreftene byrja å ta slutt, og den eine etter den andre gjekk forbi meg. Krampa i leggene låg å berre venta på eit feilsteg. Psykologisk nedbrytande. Når som helst venta eg å få Haugtussen pesande opp i ryggen, slik han hadde for vane i fjor. Men utruleg nok haldt eg unna. Sluttida vart 1.37.57. Eit par minutt bak persen, men heilt grei løp.  Det vart teke gruppefoto av alle Syril-deltakarane på toppen utanom korgballspelaren som vi ikkje fann. Til helgen er det Vidasete opp, og ny fight med Haugtussen som bør begynne å prestere om han skal ha sjans til å perse nok ein gong i Skåla rett opp.

Resultatliste her